Grøn stær

Kva er grøn stær?

Grøn stær er ein felles samlenemning på ei gruppe augesjukdomar som utviklar seg langsamt og som over tid kan gi synsnerveskadar og tap av synsfelt. Grønn stær vert på fagspråket kalla  «glaukom». Den vanlegaste årsaka er at trykket inne i auge er for høgt. Høgt trykk, gjerne over tid, kan gi deg varig augeskade. Ein kan normalt ikkje kjenne sjølv om trykket i auge er høgt, difor er det veldig viktig å sjekke trykket jamnleg hos optikar, og då særleg frå 40-års alder. Hos Brilleriet sjekkar me alltid trykket i augo på alle over 40 år som er inne på synsprøve hos oss.

Ein kan ikkje rette opp i ein skade som ein allereie har gått dersom ein har gått med langvarig høgt trykk på augo, men me kan førebygge skadar om høgt trykk vert oppdaga tidleg. Grøn stær er arveleg, det er difor ekstra viktig med årleg kontroll dersom du har grøn stær i nær familie.

Eit sjldnare tilfelle av grøn stær er den akutte varianten.

Vanlege symptom

Det er ofte få eller små symptom i starten av sjukdomsutviklinga. Difor er det ekstra viktig å sjekke synet med jamne mellomrom. Opplev du nokre av symptoma på lista nedanfor bør du ta kontakt med optikar i dag.

  • Smerte

  • Kjensle av trykk i auga

  • Tåkesyn

  • Fargeringar rundt lyskjelder

  • Lyssky

  • Tap av synsfelt

Risikofaktorar:

  • Alder (over 40 år)

  • Grøn stær i familien

  • Diabetes

  • Høgt blodtrykk

  • Høgt trykk i auga

Slik kan me hjelpa:

Når du kjem på synsundersøking hjå oss ser me på fleire ting når det gjeld grøn stær. Me måler trykket i augo dine, hornhinnetjukkelsen, synsfeltet og me tek bilete av innsida av auge slik at me kan ta ei grundig vurdering av synsnervane dine. Dersom me etter desse målingane mistenker at du har grøn stær, henviser me deg vidare til augelege for behandling.

Meir lesestoff?

https://www.blindeforbundet.no/oyehelse-og-synshemninger/gronn-staer-glaukom/gronn-staer-glaukom

Next
Next

Grå stær